Kva trur ekspertane om fiskesesongen?

Hardanger Folkeblad har snakka med ein professor som har forska på livet til fjellauren på Hardangervidda. Professoren fortel at det kan gå mot ein god fiskesesong i fjellet. Mange av aurebestandane har vore i klar betring dei siste åra, og no ser vêret lovande ut òg.