Vis traktoren din – ny populær serie i Vestavind

Avisa Vestavind er i gang med ein serie om traktorar og traktoreigarar. – Dette er ein serie som garantert vil vara lenge, fordi me har fått mange tips og svært god respons. Det er tydeleg at lesarane våre storkosar seg med traktorserien, fortel Kari Haukås og Irene Flatnes i Vestavind.

– For oss handlar dette ikkje berre om traktorar, det handlar like mykje om traktoreigarane.
På denne måten får me tak i nye fjes som elles ikkje ville kome i avisa. Og det slår oss
også at dei er veldig krye av køyretøya sine. Senior så vel som junior. I denne serien er det plass til både bestefar og barnebarn, og til storfamilien på traktor, til veterantraktor samlaren som pussar og gnir. Følg med, følg med, me har mykje på gong, fortel Vestavind.

Hittil har avisa hatt på trykk traktorar ved tre utgåver; 2. og 16. februar, og 1. mars. Sjå vedlegg