Journalist tok med grafikar på konsertjobb

“Trommeslagar Rune Solheim (37) frå Husnes har vore den rytmiske motoren i Kaizers Orchestra heilt sidan starten i 2001. Laurdag vart den siste planlagde konserten gjennomført i Stavanger.” Kvinnheringen sin fotograf/journalist Jonn Karl Sætre tok med seg grafisk formgjevar Vidar Håland på konserten. Nytenking, god planlegging og godt samarbeid i redaksjonen har gitt fantastiske resultat.

– Eg trur det at eg var på konserten hadde mykje å seie for resultatet. Eg begynte å laga sidene allereie på måndagen etter konserten, så mykje av meg «var framleis på konsert». Eg hadde (stort sett) klåre bilete i hovudet av korleis stemninga på konserten var. Veldig mykje Kaizers-stil på alt – frå inngangsparti til scena. Totalpakken var veldig bra. Men eg må òg sei at eg er stor fan av bandet, og sjølvsagt hadde eg Kaizers-speleliste på spotify i øyret når eg jobba med sidene, fortel Vidar Håland.