Dalane Tidende årets lokalavis

Dalane Tidende er kåra til årets lokalavis. Avisa tok i mot prisen under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Kristiansand i helga.

(Pressemelding) Om vinnaren seier juryen mellom anna: Dalane Tidende representerer framtida. Det er ei moderne og heilstøypt lokalavis som prioriterer unge lesarar. Avisa sin unge profil set ein høg standard som løftar dei til eliteklassa både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ikkje få aviser som burde ha Dalane Tidende som førebilete.

Dalane Tidende kjem ut i Egersund. Avisa hadde eit godkjent opplag i 2011 på 8160, og gler abonnentane sine kvar måndag, onsdag og fredag. Journalist Keth Odland takka for prisen, og uttrykte stor glede for å vera den utvalte i den store, og stadig veksande LLA-familien.
– Det er overraskande, men sjølvsagt svært gledeleg. Eg trur ikkje vi har gjort noko ekstraordinært det siste året, men det er tydeleg at hardt og målretta arbeid over tid har betalt seg godt.
Gunnar Kvassheim er redaktør i Dalane Tidende.

Saker signert Dalane Tidende i idébanken

Askøyværingen og Solabladet fekk heiderleg omtalar i Årets lokalaviskonkurranse.

LLA sitt landsmøte i Sørlandsparken i Kristiansand blei også følgjande andre prisar delt ut:

Årets lokalavisfoto: Bladet Sunnhordland
(hederlig omtale til Grannar (sjå biletet her) og Dalane Tidende)
LLAs journalistpris: Arild Bjørnbakk, Saltenposten
(hederlig omtale til Marsteinen og Askøyværingen)
Marknadsprisen: Hallingdølen
(hederlig omtale til Våganavisa og Nordvestnytt)
Årets lokalavisside: Bygdanytt

(Årets lokalavisside gjekk i år til Bygdanytt)

(Journalistprisen: Hederlig om tale til Marsteinen og Askøyværingen, vinner ble Saltenposten)

Dessutan fekk Bø blad pris for beste valdekning av fjorårets kommunestyre- og fylkestingsval. LLA og lokalavisene har gjennom prosjektet Ung & engasjert dei siste tre åra hatt ekstra fokus på unge sitt engasjement i lokalmiljøet.

Saker signert Bø blad i idébanken

På LLAs landsmøte blei Ståle Melhus i Fanaposten attvald som styreleiar i avisorganisasjonen. Med seg i styret har Melhus no Hilde Eika Nesje i Bø Blad, Roar Osmundsen i Søgne og Songdalen budstikke, Gry Thorsteinsen i Nye Troms, Kjell Vidar Bergo i Hallingdølen, Asta Brimi i Fjuken, Edd Meby i Våganavisa og Tomas Bruvik i Kvinnheringen.

Landslaget for lokalaviser er organisasjonen for over 110 av avisene i Norge.

For meir informasjon:
Geir K. Hus, informasjonssjef i Landslaget for lokalaviser (LLA), mobil 452 89 333, geir@lla.no
Ståle Melhus, styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), mobil 982 17 445, melhus@fanaposten.no
Redaktør i Årets lokalavis: Gunnar Kvassheim, mobil 468 08 961. Journalist Keth Odland, mobil 400 08535

Tekst og foto frå landsmøtet: LLAs frilansjournalist Vidar Alfarnes, mobil 470 91 766, vidar@alfarnes.no