Mange tause politikarar

I haust telde Grenda kor ofte politikarane tok ordet på eitt formannskapsmøte. No har vi gjort same øvinga i kommunestyret, men over tre møte for å få betre talmateriale.

Dette førte til oppslag i to påfølgjande aviser. Det viser seg at ein stor del av politikarane så og seie aldri tek ordet.
Vi har berre fått positive tilbakemeldingar på sakene; frå veljarar som synest det er interessant informasjon og frå politikarar som meiner kvart parti sin gruppeleiar må ta ansvar for å aktivisera kollegaene sine. Arbeidarpartiet sin gruppeleiar seier han skulle ynskja at fleire vågar gå på talarstolen, medan Venstre hevdar dei medvite ikkje vil vera møteplagarar.