Facebooksida som vart folkets nye møteplass

“– Eg, og mange med meg, er av dei som har sakna dei gode gamle møteplassane, der ein kan koma saman med andre, vera litt sosial og slå av ein god prat. Før var det møteplassar overalt. I vår tid er der altfor få av dei,” seier Steinar Nilsen (57). Grenda fortel historia om Steinar som tok pc-en i eigne hender og laga ein møteplass på Facebook. God historie, flott bladbunad.

Gruppa Kvardagsprat i Kvinnherad har 850 medlemmer, og minst like mange som berre «kikkar» innom den opne gruppa. For her diskuterast alt frå kommuneøkonomien, aldersheimar og kulturskulen, til meir uformelle ting som kva turstiar, kafear og TV-program folk føretrekk.
– Her kan gå føre seg alt frå svære debattar med høgt engasjement og opp til fleire hundre innlegg, til småprat om alt og ingenting. Kvar morgon syt eg for å leggja inn «dagens skravletråd», for dei som nettopp berre ønskjer å skravla litt, gliser Nilsen.

For der somme klager på at sosiale media fører til at «du berre sitte føre dataen
du», svarer Nilsen at han aldri har vore så sosial før som etter Facebook-gruppa sin fødsel.
– Det er klart at det kunne blitt keisamt i lengda om vi berre skulle prata saman på Facebook. Men det gjer vi ikkje. Det utbreidde ønsket om fleire møteplassar og arenaer for å koma saman, har ført til mange treff og vennskap utanfor skjermen òg.

Teskten er henta frå oppslaget. Les heile saka som vedlegg.

Tekst/foto: Elisabeth Berg Ass
Bladbunad: Gunn-Bente Stølen