Media som både lim og lupe

Det skader ikkje å ein gong i blant minne lesarane – og seg sjølv – på kva rolle media skal ha. Lokalavisa skal vere både lim og lupe i lokalsamfunnet. Journalist Anders Totland i Sunnhordland skriv:

Lokalavisa er der du les om kven som blir fødd, har bursdag, konfirmerer seg, giftar seg, finn den største løvetannen, arrangerer basar, og til slutt kven som døyr.

Samtidig som Bergens Tidende og til dels Haugesunds Avis reduserer dekkinga av Stord og Sunnhordland, har området fått ei lokalavis og ei nettside som ynskjer å vere lim. Dei vil spreia glede og positive saker. Den same funksjonen har sosiale medier også begynt å få.

Men media si rolle er også å vere lupe, og som Totland skriv:

Kven skal vera lupa i lokalsamfunnet når dei store mediehusa trekker seg ut, og nyvinningane i mediefaunaen berre er opptatt av å løfta fram det som er kjekt? Kven skal overvaka makta, anten det er den økonomiske eller politiske? Kven skal tala dei svake si sak, når ikkje alt berre er kjekt? For å seia det enkelt, men likevel litt pompøst: Kven skal vera ombodsmann for mannen i gata, om alt berre skal vera kos?