Familie søker gardsbruk

Dølen har ei kontaktannonse utanom det vanlege denne veka. Dei vart kontakta av ein familie som ønsker å flytta frå Trondheim til Nord-Fron eller Sør-Fron. Dei ønsker å bu på og driva ein gard, men har leita i over eit år utan å finna noko. Dølen nytta høvet til å laga ei sak med både humor og alvor.

Familien som faktisk ønsker å satsa på gardsdrift, er nok ein drøymefamilie for ordføraren i Nord-Fron, som er meir van med å få søknader om fritak frå buplikta. Han er intervjua og kjem med dei råda han klarte å kome på.

– Det er eit paradoks at landbruket slit med rekrutering, samstundes som det er utruleg få gardsbruk som ligg ute for sal, påpeiker journalist Tone Sidsel Sanden.