Vellukka skrivestafett for ungdom

Øy-Blikk gjekk i haust i gang med skrivestafett for ungdomsskuleelevar for å få fleire unge til å skrive i avisa. Med støtte frå Vinjefondet kunne dei lokke med to iPad-premiar. Elevane kunne skrive om kva som helst. Einaste kriteriet i konkurransen var at tekstane måtte vere på nynorsk. Resultatet er mange gode tekstar om alt frå kjærleik til å seie frå når du ser noko som er galt.

– Vi har fått inn tolv bidrag sidan vi starta opp. Og sjølv om vi gjerne skulle hatt mange fleire, så er vi samtidig svært fornøgde med dei vi har fått inn. Vi har opplevd at det er ein ganske høg terskel for elevane å sende inn noko dei har skrive sjølv. Vi har fått litt hjelp, særleg frå ein av lærarane ved Valderøy ungdomsskule. Ho har sendt inn bidrag for elevar som har ønska det, fortel journalist Carina Giskegjerde.

Øy-Blikk starta stafetten med å invitere seg sjølv til ungdomsskulane i kommunen for å fortelje litt om opplegget. Dei fekk kome innom klassene ved Valderøy ungdomsskule, og dei ser også at det er elevar frå den skulen som har levert.

– Godøy skule fann diverre ikkje tid til å ta imot oss, men vi hengte opp plakatar på skuleområdet – utan at det gav resultat, fortel Giskegjerde.