Kva skjer medan vi søv?

Hugsar du Grenda sin fotoreportasje Eitt døger i Kvinnherad? Reportasjen vart så vellukka at Grenda har repetert suksessen.

Siste reportasjen fekk ein ny vri, denne gongen har journalistane vore ute om natta. I reportasjen Nattskiftet skildrar dei kvardagslivet i dei små timane. Med korte saker og mange bilete viser dei over ni sider korleis natta ser ut hjå lakseprodusenten, i syklubben, på aluminiumsverket, på sjukeheimen og på bensinstasjonen. Vi får også sjå budbilsjåførar som skal levere aviser, og ein bussjåfør, ein bakar og ein bonde som er tidleg i gong med arbeidsdagen.