Den nye sentrumsplanen for Våge ligg for tida ute til offentleg ettersyn. Avisa Tysnes er ikkje redde for å seia kva dei meiner om planen.
Skal Våge «stå på eigne bein» som kommunesentrum når ferja forsvinn, treng bygda meir hjelp enn områdeplanen til kommunen byr på, meiner Tysnes. Dei meiner det går an å strekkja seg lenger for å gjera Våge meir innbydande og spanande.
For å visa lesarane kva potensiale som finst, fekk avisa den lokale arkitektstudenten Ketil Rage til å koma med nokre alternative idear. Tysnes gir skissene god plass i avisa. I tillegg arrangerer dei utstilling og debatt.
Sjå saka og skissene i vedlegget.