Kommunestyret sine møte skal vere tilgjengelege

8. januar var medlemmene i formannskapet i Etne kalla inn via e-post frå ordføraren til eit møte som verken var kunngjort eller hadde ei offentleg tilgjengeleg saksliste.

Sakene på sakslista hadde i høgste grad offentleg interesse: Oppnemning av representantar til arbeidsgruppene som skal vurdera sparetiltak i kommunen og diskusjon om arbeidet vidare med kommunereforma.

Rådmannen i Etne meinte at kommunen ikkje hadde gjort noko ulovleg. Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening var ueinig.

– Dersom medlemmene i eit folkevalt organ møtest og diskuterer spørsmål som det ligg til dei å diskutera, så er det saksbehandling, og dermed eit møte i lovens forstand. Dette finst det klar praksis på, blant anna frå Sivilombudsmannen, sa han til Grannar.

Kort tid etter hadde også formannskapet i ein annan Grannar-kommune, Vindafjord, eit møte som ikkje var gjort offentleg kjent. Dei var samla for å gje rådmannen klarsignal til å rive Revehallen utan ordinær sakshandsaming. Bygget var skada under stormen ”Nina”, og rådmannen ønskte ei rask avklaring. Sjølv om formannskapet ikkje skulle fatte eit formelt vedtak på møtet, gjeld likevel reglene om offentlege møte.

Sjå sakene til Grannar i vedlegget.

Relevante paragrafar i Kommuneloven:
§ 31.1: “Enhver har rett til å overvære møtene i folkevalgte organer.”
§32.3: “Saklisten til møtet og andre dokumenter som ikke er unntatt fra offentlighet, skal være tilgjengelig for allmennheten. Møte som skal holdes for åpne dører, skal gjøres kjent på hensiktsmessig måte.”

Lukking av møte
Dersom eit offentleg møte vert lukka, skal kommunestyret/formannskapet vedta lukking. Avstemminga om lukking skal skje i eit ope møte. Dersom dei lukker møtet, må dei ha lovheimel.

Dørene skal verte lukka når:
– Det er lovbestemt teieplikt i saka som skal handsamast.
– Saka angår ein arbeidstakar sine tenestlege tilhøve.

Dørene kan verte lukka når:
– Omsynet til personvernet krev det.
– Omsynet til tungtvegande offentlege interesser tilseier det, og det vil kome fram opplysingar som kunne ha vore unntatt offentleg innsyn om dei sto i eit dokument.

Dersom møtet går bak lukka dører, kan du likevel be om innsyn i dokumenta som følgde møtet. Du kan også spørje politikarane kva som skjedde på møtet. Dei kan ikkje påleggjast teieplikt ut over den lovpålagde teieplikta.

Lydopptak
Du skal få tillating til å gjere opptak av eller overføre lyd/bilde frå opne møte, om det ikkje forstyrrar møtet.

Sjekk også Presseforbundet sine sider om møteoffentlegheit.