Grundig serie om doping

I serien Den nye dopinggenerasjonen har Sunnhordland sett nærare på bruken av anabole verkemiddel blant unge.

I serien Den nye dopinggenerasjonen har Sunnhordland sett nærare på bruken av anabole verkemiddel blant unge. Bakgrunnen er ein ny rapport frå Utekontakten på Stord, som syner auke i bruken av anabole verkemiddel.

Artikkelserien i Sunnhordland gir eit grundig innblikk i problemet. Journalistane har intervjua både Utekontakten, politi, apotek, treningsinstruktørar, psykologar, ein ung mann som dopar seg – og idrettsstjerner som seier at dei ikkje ville vore stolte av ein kropp bygd opp av anabole steroid. Slik får dei fram både fakta om omfanget av dopingbruken, årsakene til at enkelte vel å dope seg, og farene ein utset seg for ved å dope seg.

Artikkelserien starta med politistatistikken, som handla om vald i Leirvik sentrum.

Sjå alle artiklane vedlagt.