Kva seier folket?

Gjesdalbuen starta serien “Kva seier folket?” i mars. Dei besøker folk der dei er. I kantina, rundt kjøkkenbordet, på kafeen eller andre stader. Dei spør kva som er viktig for folk i kommunen, kva som er bra og kva som bør bli betre.

Målet er å få folket sitt svar på kva lokalpolitikarane bør satsa på. I kvar sak får partia svara på ønska frå folket.

Slik er det innbyggjarane, og ikkje politikarane, som danner grunnlaget for kva saker som får merksemd i valkampen.