Omfattande satsing på idrettsarrangement

Hallingdølen satsa stort på Liatoppen skiskyttarfestival i fjor. Dei gav ein omfattande pakke til publikum, bidrog til at arrangementet blei endå betre, og dei fekk med lokalt næringsliv. Det resulterte i delt pris i LLAs Årets digitale satsing.

Halingdølen har ikkje bere levert eit redaksjonelt arbeid som i seg sjølv er svært solid. Dei har også tenkt heilskapleg kommersielt, skreiv juryen mellom anna om bidraget.

Satsinga til Hallingdølen var ekstra omfattande fordi det var del av eit større, to-årig prosjekt. Målet med prosjektet er å finne ut om TV-produksjonar distribuert på dei digitale plattformene og gjort på oppdrag for arrangørar kan bli eit økonomisk bein å stå på. Hallingdølen har bygd opp ei tv-avdeling med to tilsette i prosjektperioden. Prosjektet er støtta av Innvovasjon Norge. I tillegg har dei fått nokre hundre tusen kroner i EU-midlar.

Redaktør Bjarne Tormodsgard har ikkje sett rekneskapen for prosjektet endå.

– Prosjektet skal evaluerast på styremøtet i juni. Men det ligg an til endringar i opplegget. Det er kostnads- og ressurskrevjande, fortel han.

I samband med Liatoppen skiskyttarfestival leverte Hallingdølen:

  • Arenaproduksjon til storskjerm og livestream distribuert på eigen nettside og nettsidene til 15 andre norske aviser.
  • Eigne sendingar i innskytingspausene før rennstart og i pause i rennet distribuert på eiga nettside og nettsidene til 15 andre norske aviser. Med gjester, intervju og reportasjer frå «studio» på Liatoppen.
  • Tilsaman 13 tima med nett-TV sendingar.
  • Film til premieshow. Innhaldet spegla festivalen frå rigging til løparane var i mål, med hovudvekt på laurdagens arrangement.
  • Fotoprosjekt. Prosjektet vart gjennomført med fotografering av alle løparar rett etter start og produksjon av presentasjonar til premieshow. Alle deltakarane fekk utdelt bilete av seg sjølve.
  • MobilAPPen innehald også ei parkeringsbillettløysing som gjorde det mogeleg å betale parkeringsavgift på førehand og berre syne fram billetten på mobil eller nettbrett ved ankomst Liatoppen.