Den siste tida har debatten rundt kommunesamanslåing blitt sett stadig tydelegare på dagsorden i Hardanger. Hardanger Folkeblad gjer difor eit djupdykk i prosessen. Sjå korleis avisa dekkjer saka.
«Kva meiner folket?»-saken var den andre av to dobbeltsider som vart arbeida fram gjennom Hardanger Folkeblad si dybdespalte «Under Lupa». I to dagar reiste avisa rundt og snakka med innbyggjarane i dei kommunane som kan koma til å slå seg saman. Avisa har også eit intervu med Mary Bente Bringslid, førsteamanuensis ved Institutt for Sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Ho har Norden, Norge og Vestlandet som hovudområde, med særskilt interesse mellom anna for dei kulturelle omstillingsprosessane i norske bygder.
Første oppslag kom til på bakgrunn av at kommunesamanslåing var tema på den årlege Hardangerkonferansen i november. Her vart potensielle strukturar for samarbeid diskutert; og HF kunne melda at representantar frå kommunane Eidfjord, Granvin, Ullensvang og Ulvik har hatt sine første samtalar rundt temaet. Avisa gjorde difor eit djupdykk i prosessen, og såg på nokre av konsekvensane nettopp denne moglege konstellasjonen kan føra med seg:
Her har avisa også intervjua Bent Aslak Brandtzæg i Telemarksforskning. Forskingsinstituttet på Bø har gjennom fleire år hatt kommunestruktur og interkommunalt samarbeid som eit spesialområde, og har mellom anna gjort ei større analyse av fire nylege samanslåingar; Kristiansund/ Frei (2008), Ølen/Vindafjord (2006), Aure/Tustna (2006) og Bodø/Skjerstad (2005).
– Vi har naturlig nok skrevet om temaet kommunesammenslåing tidligere, men siden disse fire kommunene nå har startet en uformell dialog, ønsket vi å gå i dybden av denne konkrete potensielle sammenslåingen og bruke dette dypdykket som utgangspunkt for flere saker som vil komme i tiden fremover. Det vil da bli arbeidet både rundt den aktuelle konstellasjonen som er tatt opp i denne saken, men også andre potensielle sammenslåinger. Her har vi flere ting på gang som vi håper og tror vil bli godt lesestoff, fortel journalist Ole Marius Kvamme i Hardanger Folkeblad.
Kvamme har også skrive ein god kommentar på bakgrunn av oppslaga:
I Bygdebladet Randaberg Rennesøy har journalist Sigbjørn Berensten stilt kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner spørsmål om regjeringens tanker med
kommunereformen. En informativ sak som er verdt å lese:
Se alle oppslagene som pdf-vedlegg
Flere saker om kommunesammenslåing