Ti punkt om portrettintervju

LLA er i gang med ei språksatsing, og i samband med dette deltok rundt 30 journalistar på foredraget Skrivekunsten: Det gode portrettintervjuet under landsmøtet i Kristiansand i helga. Foredragshaldar Njord Svendsen gav deltakarane tips og innspel på portrettskriving.

(Foto: Vidar Alfarnes, LLA)

Ti punkt om portrettintervju:

1) Portrettintervjuet er ei skildring av eit menneske. Det skil seg frå andre intervju både i si ofte litterære form og personlege innhald. Når du skal skrive portrett, hugs på nettopp dette, portrettintervju er eit personleg intervju i personleg stil.
2) Når du gjer avtale med intervjuobjektet, pass på at vedkomande er innforstått med dette : Det er ikkje tale om eit saksintervju, men eit portrettintervju, noko som i utgangspunktet kan verke framand på mange.
3) Gjer grundig forarbeid. Det vil variere kor mykje vi har tid til, men sørg for alltid å ha noko kunnskap om portrettobjektet på førehand. På denne måten vil han eller ho få større tillit til deg og du får tillit til deg sjølv og dine spørsmål. Les relevant materiale, snakk med kollegaer og venner/familie (hugs dette med skiljet mellom personleg og privat). Ver gjerne open med intervjuobjektet om at du snakkar med andre.
4) Ta gjerne med deg reportasjen inn i portrettet. Å bli med ein arbeidsdag, på ei reise, ei opning av ein skule etc. kan gi eit høve til å spegle mennesket i omgivnadene. Alternativ kan vere arbeidsplassen eller heime hos intervjuobjektet. Unngå tomme rom.
5) Ver tolmodig.
6) Ver modig.
7) Jobb med språket. Nedkjemp klisjeane. Finn rytmen. Be andre om å lese utkast. Skriv om. Skriv om igjen.
8) Ta sjansar, men kjenn på fingerspissfølelsen.
9) La gjerne intervjuobjektet lese teksten. Ver sjenerøs, sitat kan korrigerast, men hugs at det er din tekst og at endringar må vere rimelege og ha gode grunnar. (Vær Varsom-plakaten § 3.8: Endring av avgitte uttalelser bør begrenses til korrigering av faktiske feil). Gjer dette klart alt før du gjer intervjuet.
10) Les andre, lær, stel, imiter og slepp deg laus.

Nokre bøker om portrettintervju:
Hege Lamark: Portrettintervju som metode og sjanger. Kristiansand 2012: IJ-forlaget
(i denne finst også mange tips til vidare lesing)
Nils Thorsen: Klangen af et menneske. Århus 2008: Forlaget Ajour.
Niels Chr. Geelmuyden: Ubuden gjest. Oslo 2009: Schibsted forlag.

Nokre bøker med portrettintervju:
Niels Chr. Geelmuyden: Sataniske portretter. Oslo 1990: C. Huitfeldt forlag.
Niels Chr. Geelmuyden: Mer enn hjerne. Oslo 2007: Transit.
Jens M. Johansson: Døde fedre. Oslo 2012: Tiden. (NY)
Vetle Lid Larssen: Kjente menn på pennespissen. Oslo 1989: Tiden.

Lista er utarbeida av Njord Svendsen. Du finn og tre av hans portrett som vedlegg til denne saka

Njord Svendsen begynte som lokalavisjournalist for 19 år sidan, og har mellom anna bakgrunn som medarbeidar i dags- og fagpresse. Han har ein mastergrad i media og kulturstudiar frå University of KwaZulu-Natal i Durban, og var i perioden 2005 til 2011 tilknytt Bergens Tidende med reportasje- og portrettjournalistikk som spesialitet. Svendsen vart i 2011 tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I dag arbeider i dag som kommunikasjonsrådgjevar  for NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking) i Bergen. Han skriv også ei spalte i lokalavisa der han begynte, Haramsnytt.