Hallingdølen har gjort det oppsiktsvekkande godt i årets Scandinavian News Design-konkurranse. Tre prisar i ein og same konkurranse har aldri skjedd før.
– Du skulle berre visst kor stolt eg er over staben i Hallingdølen. Er svineheldig som får vere redaktør for ein slik gjeng, seier redaktør Bjarne Tormodsgard (foto:Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen)
Berre seks norske aviser fekk prisar denne gongen, Dagens Næringliv/D2, VG, Dagbladet, Bergens Tidende, Romerikes Blad og Hallingdølen. Hallingdølen er dermed den einaste norske lokalavisa blant prisvinnarane. Totalt sett er det berre to nordiske lokalaviser blant vinnarane, svenske Trelleborgs Allehanda med ein pris og altså Hallingdølen med sine tre. Valøren på medalje blir ikkje offentleggjort før under SNDS sin konferanse i København til hausten.
Les intervju med Tormodsgard i dagens Hallingdølen som vedlegg
Oversikt over alle prisvinnarane