Det er ikkje berre skifolket som tek seg ut under ski-NM på Voss. Etter å ha fått Petter Northug i mål var det presseparty i avishuset til Hordaland. I trykkeriet var det minikonsert med stortalentet Elisabeth Lid Trøen på saksofon, vel akkompagnert av Ragnhild Kløve-Graue på bass. Etterpå var det presentasjon av europameisteren i lokalavis, med sponsormat (Vossafår sjølvsagt) og FIFA-godkjent drikke attåt. Me kom i mål til slutt. Vel blåst!