Genitivar med sin, sitt og sine er tunge på nynorsk. Som regel er dei enkle å skrive om:
Fylkesutvalet si innstilling – innstillinga frå fylkesutvalet
I eitt av landets fylke – i eitt av fylka i landet
Bygda sine ungar – ungane i bygda
USA sin høgste bygning – den høgste bygningen i USA
Barnehagen sitt område – området til barnehagen eller barnehageområdet
Utanfor kommunen sine grenser – utanfor kommunegrensene
Kommunestyret sitt fleirtal – fleirtalet i kommunestyret
Born sin skuleveg – skulevegen