Valoppsummering på nett-tv

I går ettermiddag hadde Hallingdølen siste valsending for denne gong. Ei 45 minutt lang oppsummering av valet i Hallingdal og Nore og Uvdal som vart sendt på direkten. Sjå sendinga her.

Alt i alt produserte Hallingdølen åtte nett-TV-sendingar på 25-30 min i forkant av valet. Ei om kvar kommune samt fylkeskommunen. Vidare hadde dei direkte sending på valnatta på godt ein time. Og til sist ei oppsummeringssending dagen etter valet.

Alt vart gjort av eigne krefter i Hallingdølen. To av typografane hadde ansvar for sminke, den yngste og den eldste av journalistane var høvesvis programleiar og utspørjar. It-sjefen var lydansvarleg. Ein annan av grafikarane hadde ansvar for å køyre grafikken under sending. Adm.dir var «innpiskar» på valnatta. I tillegg har dei to tilsette som var knytt til nett-TV prosjektet, med ansvar for produksjonane.

– Sendingane har også gitt oss mykje interessant stoff til papirutgåva. Utsegn og saker me har kunna fylgje opp, seier redaktør Bjarne Tormodsgard, som fortel at det er krevjande å sende på direkten.

No er han stolt over at dei kom i mål med det ambisiøse prosjektet.

– Det har vore både lærerikt og krevjande. Kanskje litt over grensa på kva ei lita avis kan makte ved sida av å gje ut vanleg avis og haustmagasin på same tid. Lærdomen tek me med oss til neste val.

Sjå også denne saka om prosjektet til Hallingdølen.