Røysta på 18-årsdagen, klar for utskifting

“Medan Hilde Magnusson tok ein «Jens» satsar fyrstegongsvelja Anders Fosse på utskifting i regjeringskvartalet”. Idébanken ynskjer alle eit godt val med denne ferske valsaka frå Hordaland.

I eit demokratisk perspektiv er det lite som kan måla seg med å røysta på 18-årsdagen. Og Anders Fosse vedgår at han kjenner seg litt ekstra vaksen der han nærmar seg vallokalet for aller fyrste gong.
– Kva er størst då, røysta for fyrste gong eller å ta førarkort?
– Nja, det er vel førarkortet, smiler Anders.
Inne i vallokalet vert 18-åringen gratulert med dagen av både ein og annan før han forsvinn inn i avlukket, for å plukka ut sin aller fyrste valsetel.
– Vanskeleg?
– Nei, når eg fyrst hadde bestemt meg var valet enkelt.
– Vanskeleg å bestemma seg?
– Det sto mellom to parti, som står mot kvarandre. Men eg er klar for utskifting.
Rett til å klaga
– Kva har vore viktigast for deg i valkampen?
– Eg er nok ikkje den som fylgjer mest med, men har fått med meg nokre av partileiardebattane. Eg er eigentleg nøgd med slik me har det, men er også klar for noko nytt.
– Var du i tvil om du skulle røysta?
– Nei. eg har alltid vore klar på å røysta. Nyttar ein seg ikkje av røysteretten, kan ein heller ikkje sitja å klaga etterpå. Eg har i alle fall gjort mitt for å få det slik eg vil.
Taxi-Hilde ventar
Utanfor tinghuset sit avgått stortingsrepresetnant Hilde Magnusson å ventar, i ein bil som i beste fall står berre litt feilparkert. Ho har akkurat levert to pensjonistar som skal røysta.
– Dei ville også nytta høvet til å handla på butikken, så då sit eg no her, eg. Men det går fint det altså. Og du, har du røysta, spør ho Anders. Etterfylgt av gratulasjonar på dagen, men ingen formaningar om kva parti som er best. Det er uansett for seint å prøva påverka Anders Fosse.
– Det viktigaste er å nytta røysteretten, seier Hilde. – Kva med kameratgjengen, er det slik at alle skal røysta ved valet?
– Ja, vedgår Anders. – Det er ingen her no, men eg har forstått det slik at alle skal røysta.
– Det er bra, seier ho. Som brått kjenner at ho vert litt uvel av tanken på eit mogleg regjeringsskifte.
– Men eg er blodfan, også eg, smiler ho. Så får natta syna om Anders Fosse får oppleva utskifting etter sitt fyrste val. Uansett utfall blir tysdagen tung for Hilde og kompani, anten grunna ellevill feiring eller ein real blåmåndag på ein tysdag.

Laga av avisa Hordaland
Tor Halvorsen tekst
Vidar Herre foto