Sunnmøringen har intervjua fire førstegongsveljarar, to ungdommar og to utanlandske statsborgarar. Journalist Sindre Omenås har fått tre av dei (den fjerde hadde alt bestemt seg) til å ta ein veljartest på nettet.
Omenås har også stilt politikarane følgjande spørsmål i samband med saka:
- Med unntak av å røyste på ditt parti, kva er ditt råd til førstegongsveljaren?
- Kva kan kommunen gjere for å skape bulyst og integrering for utlendingar som kjem til Stranda for å jobbe?