Sunnmøringen kårer Strandas finaste utsikt

Fram til jul vil Sunnmøringen presentere bilete frå innsendte utsikter i Stranda kommune: “Det gjer vi for å vise fram kva kommunen har å by på når det gjeld moglege naturopplevingar, også innandørs. Om nokon blir frista til å flytte heimatt, eller bli ny innbyggjar i kommunen, eller bare kjenner stoltheit over kommunen ein kjem frå, er det kjempebra”, skriv avisa.

“I ei relativt uhøgtideleg kåring på nyåret vil vi presentere den finaste utsikta i Stranda, den vere seg frå Geiranger, Liabygda, Sunnylven eller Stranda sentrum. Alt du treng å gjere for å delta, er å sende eit bilde av di utsikt til sunnmoringen@sunnmoringen.no. Bildekvalitet: medium, eller med breidde på 900 pixler. Fortel kvar du bur og kva du heiter, samt kvifor du synast di utsikt er den finaste i kommunen.” skriv avisa på sine nettsider.