God oppsummering av viktig lokalsak

Stranda kommune er gjeldstynga, og vil no innføre eigedomsskatt og selje kommunale eigedommar. Blant årsakene til den store gjelda er dei store investeringane kommunen har gjort på Strandafjellet, eit skianlegg som det no ligg an til at dei sel med tap.

Satsinga på Strandafjellet har fått mykje merksemd. Sunnmøringen samlar no trådane og presenterer gjennom fleire aviser ein grundig gjennomgang av historia om Strandafjellet. Dei baserer seg på tidlegare intervju med Sunnmøringen, sakspapir og politiske vedtak. Slik får lesarane ei god oppsummering av kva som har skjedd, og eit godt grunnlag for å ta stilling til korleis saka har vore handtert.

– Vi følger utviklinga dagleg, men vil også lage ei liknande framstilling av salsprosessen på eit seinare tidspunkt, fortel journalist Sindre Omenås.