Kva oppgåver kan ulike kommunar løyse?

Eid-ordførar Alfred Bjørlo spør kva oppgåver dei nye kommunane skal løyse. Han meiner at Regjeringa ikkje har gitt han svar på dette. Difor har han laga tre ulike kommunemodellar for Nordfjord og Sogn og Fjordane. Modellane vart presenterte i Fjordabladet. Han har laga ei interessant og lang liste over ulike tenester som kommunar av ulike storleikar vil vere i stand til å levere.

Kva tenester kommunane leverer, og kvaliteten på tenestane, er heilt sentralt for innbyggjarane. Eid-ordføraren si liste kan vere eit godt utgangspunkt for andre kommunar. Spør politikarane og innbyggjarane: Kva tenester ynskjer dei at kommunen skal levera til innbyggjarane? Treng kommunen bli større for å levere dei ynskte tenestane? Kan hende har andre ordførarar heilt andre versjonar av lista til Bjørlo?

Ordføraren i Eid, som er med i ei nasjonal referansegruppe for kommunereforma, meiner at det ikkje er mogleg for dagens småkommunar å utføre dei same oppgåvene som i dag også i framtida. Han meiner småkommunar vil tape kampen om kvalifisert arbeidskraft.