Ønske eller ønskje?

På nynorsk heiter det eit ønske (ynske) utan j, men å ønskje (ynskje) med j.

I ord som ønsk(j)eliste, ønsk(j)eprogram og ønsk(j)etenking er det valfritt om vi tek med j eller ikkje. Kanskje kan det vere praktisk å ha ein fast regel for heile redaksjonen for dette.