I dag handlar Sunnhordland sin helgereportasje om sjølvmord. Gjennom to kvinner som mista bestevenninna og søstera si for 22 år sidan, får vi eit innblikk i korleis eit sjølvmord kan prege dei som skal leva vidare. Journalist Anders Totland fann dei pårørande gjennom organisasjonen Leve. Han har også intervjua representantar for organisasjonen, leiaren for Stord DPS og ein psykologspesialist om sjølvmord.
Hjå mange journalistar sit det djupt i ryggmargen at vi unngår å skriva om sjølvmord. Samstundes er sjølvmord eit samfunnsproblem. Ifølge organisasjonen Leve tar rundt 500 nordmenn sjølvmord kvart år. Mellom 6000 og 8000 personar er årleg i kontakt med helsevesenet etter sjølvmordsforsøk.
Dei siste åra har nordmenn vortne meir opne om sjølvmord. Ein kan sjå det i dødsannonsene og i sosiale medier. Det har også blitt meir vanleg å omtale sjølvmord i media. Fagfolk med stor kunnskap om sjølvmord mener medieomtale kan hindre at fleire liv går tapt dersom omtalen er presis, skånsom og gir informasjon om korleis ein kan få hjelp.
Vær Varsom-plakaten seier: “Vær varsom ved omtale av selvmord og selvmordsforsøk. Unngå omtale som ikke er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå beskrivelse av metode eller andre forhold som kan bidra til å utløse flere selvmordshandlinger.”
Sjå den fine reportasjen til Sunnhordland i vedlegget.