Sjølvbilete

No veit eg ikkje korleis de andre har det, men hjå oss er det ein klassikar at folk kjem med
foto av seg sjølv på ein fjelltopp når dei skal portretterast. Me spør gjerne etter bilete dei
har i albumen sin, utan at me alltid brukar dei. Dette er henta frå eige album frå
Gråsidetoppen, med vossebygda i bakgrunnen. Som de kan sjå er eg klar til
å vera laurdagsgjest kor tid som helst. Kristen Skjeldal var ikkje i nærleiken…