Dølen kårer årets Midtdalsbonde

som ei motvekt mot fokuset på avvikling og dårleg lønnsemd. Det er prosjektet ”Midtdalsbonden inn i framtida” som saman med Sparebank 1 Gudbrandsdal og lokalavisa Dølen står bak prisutdelinga som skal finne ein bonde i Midtdalen som har gjort seg fortent til heider og ære.

Prisen til Årets midtdalsbonde handlar fyrst og fremst om å skape positiv blest om landbruket i Midtdalen, og trekkje fram dei som lykkast. Prisen består forutan heider og ære i 10 000 blanke kroner samt ein fysisk premie – kanskje til å henge på fjøsveggen? Kandidatane kan vera frå heilt
tradisjonelle gardsbruk, men ein føresetnad er at dei er positive og trivst med det dei driv med, og dermed kan spreie litt optimisme – ei motvekt mot fokuset på avvikling og dårleg lønnsemd. Folk har vore invitert til å kome med kandidatar, og i alt 17 forslag har kome inn til juryen, der redaktør Tor Larsen har vore med. Juryen har plukka ut dei tre beste kandidatane, som har blitt presentert i Dølen i dei tre fyrste numra etter sommarferien. Vinnaren blir kunngjort den 14. september.

Sjå oppslag som pdf