Søkjelys på høgskulane

Følgjer lokalavisa godt nok med på høgskulen?

Dei mange høgskulane landet rundt er svært viktige i lokalmiljøa sine. Dei gjev viktige kompetansearbeidsplassar og er viktige for kulturen, næringslivet og samfunnet elles. Nokre stader er dei den viktigaste arbeidsplassen etter kommunen. Dessutan står dei for mykje forskning som burde vera interessant lesestoff for lokalavislesarane.

I dag tek både NHO og NSO til orde for at det er for mange utdanningar i landet. Er lokale NHO-medlemmar samde i dette?

Kva vil det ha å seia for utdanninga av lærarar, om talet på utdanningar blir redusert til berre sju utdanningar slik det blir føreslått? Kva konsekvensar vil det ha for høgskulane i distrikta?

Kan dette vera noko for di lokalavis å skriva noko om?