Kjem lesarane tydeleg og mykje til orde, knyter avisa sterkare band til lokalsamfunnet. Fleire av avisene som deltok i “Årets lokalavis” kan i følgje juryen løfta lesarinnlegg og meiningar endå meir fram i avisa.
Illustrasjonsfoto henta frå Bygdebladet
Å løfta fram innsendte lesarinnlegg og anna meiningsstoff signaliserer at lesarane er viktige. Bruk utheva sitat, feite inngangar, illustrasjonar, sitat på framsida, m.m. for å løfta fram lesarane sine meiningar. Gjer dei viktige og ikkje gøym dei bort i tronge format. At dei til dømes blir plasserte ved sida av leiaren på side to, vitnar om at redaksjonen er oppteken av lesarane sine. Og ofte kan eit lesarinnlegg/debattinnlegg bli ein redaksjonell sak i avisa.