Haramsnytt hadde ein artikkel på trykk som handla om Bufetat si kampanje for å få fleire til å melde seg som fosterforeldre. Med bakgrunn i det kontakta avisa fleire fosterfamiliar i kommunen for å få dei til å fortelje om si erfaring. Ein fosterfamilie valte å stille anonymt for å prøve å gje eit meir balansert bilete av korleis det er å vere fosterfamilie. Dei kjenner seg ikkje att i det biletet som ofte blir presentert om fosterfamiliar i media. Les saka til journalist Evy Skarvøy Lien.