Som innfødd og journalist i lokalavisa synest eg det er interessant å høyra historia til innflyttarar til min heimstad og min region. Kvifor kom dei til Ryfylke? Kva synest dei om sin nye heimstad? Kva er forskjellen på kvardagen nå og der dei kom frå? Derfor bestemte eg meg for å intervjua nokre av innflyttarane i ein serie som strekte seg over nokre månader.
Innflyttarane kom frå både inn- og utland. Me hadde ein serie på 10 slike intervju i avisa, og intervjua kom på trykk kvar fredag. Me snakka med både ferske og gamle innflyttarar til dei tre kommunane våre.
Me har fått mange gode tilbakemeldingar på serien, og det har også dei som har blitt interjvua fått. Folk liker å lesa om folk dei treff på butikken, men som dei eigentleg ikkje kjenner historia til. Lesarane våre set også pris på slike solskinshistorier i spaltene.
Eg legg ved eit utval på tre slike portrett.
Elin Moen Karlsen, journalist og fotograf
Linda Tungland, May Elin Vik og Ona Søyland har stått for den visuelle utforminga av denne portrettserien