Ny nettportal for forslag frå innbyggjarane

Eit nytt tilbod frå Kommunal- og regionaldepartementet gjer at alle no kan nytte internett til å føreslå endringar i kommunen dei bur i. Samlar ein nok underskrifter, må kommunestyret handsame saka. Alt no ligg det ute mange saker sendt inn frå innbyggjarar i mellom anna Odda, Gjesdal, Stord, Meløy, Ullensaker, Sør-Fron, Finnmark.

Nettportalen misak.no/minsak.no gjer det mogleg å både føreslå saker og samle underskrifter. Samlar ein nok underskrifter, må kommunestyret handsame saka. Ein må samle underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane i kommunen, eller i kommunar med meir enn 6000 innbyggjarar minst 300 underskrifter. I fylkeskommunen må ein ha minimum 500 underskrifter. Tidlegare undersøkingar syner at om lag ein av fem får gjennomslag for saka si.

– Vi har teke eit nytt steg i arbeidet med å nytte moderne teknologi for å utvikle lokaldemokratiet. Folk kan lettare fremje saker og ta hand om interessene sine når vi legg til rette for å fremje innbyggjarinitiativ på internett, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I den nye nettportalen er det enkelt å spreie innbyggjarinitiativ på ulike sosiale media.

Innbyggjarane i ein kommune har allereie rett til å få saker handsama i kommunestyret dersom dei har samla nok underskrifter. Dette er ein rett som er lite nytta. Navarsete vonar fleire no vil gjere framlegg om saker i lokalsamfunnet.

– Eg vonar og trur misak.no kan få fram gode saker som fortener å bli tatt opp og diskutert i kommunestyret. Eg har tidlegare oppmoda rådmenn og kommunepolitikarar til å handsame initiativ frå innbyggjarane godt og grundig, seier Navarsete.

Tekst henta frå krd.no