Op og Fusaposten satsar sterkare på levande bilete. Dei publiserer no alla videoar på eigen tv-kanal på nett: tv.osogfusa.no.
Os og Fusaposten har også tidlegare hatt videosnuttar på nettsida si. Men som ei relativt ung nettavis med lokal konkurranse har dei sett behovet for å marknadsføra nettavisa. No håpar dei at tv-satsinga skal gje gode synergieffektar på både nett og papir.
– Me får eit meir heilstøypt konsept som vert lettare å marknadsføra. Det legg også press på oss sjølve om meir jamleg produksjon, og eg håpar at me klarer å få eit meir gjenkjenneleg videouttrykk. Dette må visa igjen både som auka annonseinntekter og fleire lesarar av osogfusa.no og papiravisa, meiner redaktør Jostein Halland.
Før dei lanserte tv.osogfusa.no besøkte dei lokale annonsørar og viste fram ein demo. Dei sel annonser i kategoriane sport, kultur og folk, og har lova å ha minst ein til to videoar i kvar kategori kvar veke.
– Neste steg må vera å samkøyra annonsepakkar på dei ulike flatene, seier Jostein Halland.
Avisa har engasjert Ole Reinert Berg-Olsen i ei prosjektstilling ut året. Han har erfaring med video og redigering, og skal læra opp dei tilsette til å klara jobben sjølv når året er omme.
Dei har også kjøpt inn to videokamera, mikrofonar, ei kraftig maskin til å redigera på og redigeringsprogrammet Final Cut.
– Me er veldig ferske og har masse å læra. Me prøver å blinka ut dei mest videovennlege sakene allereie på redaksjonsmøta, og snakkar om kva som trengst av ulike bilete for å klippa saman saka. Dette er ein heilt ny måte å tenkja på. Me synest det er veldig spennande, seier Jostein Halland.
Han synest det kan vera vanskeleg å føreseia kva videoar som får mange sjåarar. Av videoane dei har publisert hittil er det spesielt to som har vorte mykje delt og sett: Videoen om kakebakaren Solveig frå Fusa, og næringssaka om stålbedrifta Johs. Sælen & Sønn AS.