Kor mykje bruker kommunen på dei eldste?

Kvinnheringen har sett på Kostra-tala frå Statistisk Sentralbyrå, og funne at Kvinnherad bruker meir pengar på omsorgstenester enn både nabokommunane, landsgjennomsnittet, og gjennomsnittet i den kommunegruppa dei ofte vert samanlikna med. Kommunalsjefen kan òg fortelja at Kvinnherad har høgare pleiefaktor – altså fleire årsverk per pasient – enn for eksempel Bømlo.