Mopedbil mot traktor

– Kva er det med alle desse traktorrånarane på Voss?
– Gamalt nytt. No er det blitt kult å køyra mopedbil.
– Er det tilfelle? Det må me skriva om!

Me trudde mopedbil med 45-skilt på var for 80-åringar, men tok skammeleg feil. Fleire 16- og 17-åringar i vossabygda hadde investert i mopedbil då det i fjor vart kjend at det var lov å køyra mopedbil med lappen på lett motorsykkel. Mopedbil var eit praktisk framkomstmiddel heile året for dei unge sjåførane.

Tilværet som nesten-bilførarar vart ei kort glede for ungdommane. I desember kom meldinga: Vegvesenet hadde skrive feil på heimesidene sine. Det var likevel ikkje lov å køyra mopedbil før ein er 18. Ein traktor på inntil 25 tonn, derimot, det er framleis lov.