«Meiningslaus papirmølle»

No har rådmannen i Os fått nok: – Blir det ikkje ein slutt på rapporterings-hysteriet snart, vil det gå ut over jobben me skal gjera for innbyggjarane, seier Knut Terje Rekve.

Rådmannen i Os meiner at detaljhysteri, «New Public Management» og byråkratisering er eit trugsmål mot jobben ein eigentleg skal gjera: Skapa gode tenester for innbyggjarane. Os og Fusaposten skriv om saka. Dei gjev også ei innføring i styringsideologien «New Public Management» som skulle gjere det offentlege meir brukarvenleg og effektivt, men som i fleire tilhøve har gjeve motsett resultat.