Grenda-journalist Elisabeth Berg Hass brukte siste delen av påskeferien til å feriera i London. Byen stod på hovudet i forkant av prinsebryllaupet, og journalisten tykte kontrasten mellom verdas største mediehending og ei lita, norsk lokalavis kunne vera eit fint grunnlag for ei eigenannonse. På bakgrunn av biletet ho tok, laga me ein eigenannonse med bodskapen om at det som skjer lokalt er viktigast for oss.