Jubileumsavis med gode minner

Os og Fusaposten feira 25-årsjubileet sitt med festmiddag på laurdag. Same dag presenterte dei alle dei tilsette i avisa, og hadde faksimiler av heile fysteutgåva. Slik starta dei ein jubileumsserie knytt til historikken rundt avisa.

Ein del av jubileumsserien som truleg vert populær, er «Minne frå lokalavisa»-spalta der noverande og tidlegare tilsette journalistar fortel ei historie dei hugsar spesielt frå si tid i Os og Fusaposten. Fyrst ute var Kenneth Svenningsen, som fortel om korleis han klarte seg med ganske så utdatert presseutstyr i Ruhpolding i 2002. Les dette og resten av jubileumssakene i vedlegget.