17. mai på nett og i avis

Me i Strandbuen er godt nøgde med korleis me fekk til å dekka 17. mai-feiringa i våre tre kommunar dette året. Me følte dekninga blei brei både i avisa og på nettet.

På dagen på 17. mai la me ut bilete i biletgalleri etter kvart, måndag la me ut videoreportasje på nett, før me brukte sju sider på festen i avisa på onsdagen.

Me hadde også ein Instagram-konkurranse der folk kunne tagga bileta sine; desse bileta kom opp på nettsida etter kvart, pluss at me brukte to sider i avisa til å presentera eit utval av dei.

Elin Moen Karlsen, journalist og fotograf
Roar Larsen, fotograf
Linda Tungland og Ona Søyland tok seg av den visuelle presentasjonen i avisa
Linda Tungland administrerte Insta-konkurransen

Biletgalleri
Videoreportasje