– Dagen då Isak vart fødd er den lukkelegaste dagen i mitt liv. Neste dag var han død. Isak vart berre to dagar gamal. Det er snart sju år sidan. Likevel går det ikkje ein dag utan at mamma og prest, Kjersti Brakestad Boge, tenkjer på han. – Eg kjenner på sinnet, men å forlata Gud ville vera det same som å forlata Isak.
Brakestad Boge fortel med ope hjarta om det ho og familien hennar opplevde. Og ho delte velvillig bilete med oss av Isak, både før og etter han døydde. Dilemmaet for oss vart kva bilete me kunne bruka. På framsidebiletet er han død… Les saka (sjå vedlegg).