Sunnhordland skulpturguide

Set kunsten på kartet

Med verktøyet StoryMap har Sunnhordland laga ein interaktiv skulpturguide for Stord.

Kunstverk i offentlege rom kan vekke oss og provosere, men etter kvart gløymer me nesten kunstverka også. Sunnhordland har laga ein skulpturguide for Stord, der lesarane kan klikke seg rundt i kartet og sjå bilete av og lese om kvar einskild skulptur.

Sunnhordland har brukt verktøyet StoryMap til å fortelje historia. StoryMap er enkelt å bruke. Søk opp stadsnamn på kartet, legg inn bilete eller video og tekst, lag så mange sider du vil i historia og publiser. Prøv sjølv!