Alternativt klasseportrett

– Sju!
– Neeei, ti.
– Ni!
– Nitti… Ni! Nittini dagar har me gått på skulen.

Mange aviser vel å presentera årets fyrsteklassingar med klassebilete. Marsteinen har valt ut eit knippe taleføre ferskingar og intervjua dei om korleis dei første skuledagane har vore. Skjønt, intervju er kanskje å ta litt sterkt i, skal vi tru journalist Marius Løbø Fimland.

– For å vere heilt ærleg har eg for lengst gitt opp å intervjue barn under åtte. I den grad det er eit triks, så slepp eg berre ut eit tema eller spørsmål, og freistar å få med meg refleksjonane bakerst i klasserommet meir enn det faktiske svaret. Det vert i alle høve sagt veldig mykje morosamt som ikkje er meint for trykk på sidelinja, medan dei direkte svara er litt “krig og fred og sånn”, svarar han på spørsmål om korleis han får dei gode sitata frå så unge intervjuobjekt.