Ein kjærast i kvar ei hamn

I kyrkje og i kiosk.

Sjøfartsdirektoratet sørgjer for sjøfolk på dei sju hav. Ein liten telefon eller epost før du går i land i Pattaya eller Rotterdam, og den lokale sjømannskyrkja høyrer bønene dine. Og skriv ut lokalavisa di.

Staten har inngått avtale med Buyandread.com om distribusjon av ferdig_pruta_ aviser til sjømannskyrkjene (8 kroner). Eg skal la det prinsipielle liggja, og heller reklamera littegrann til dei som enno ikkje er med. For det kan jo vera greitt å selja fleire aviser…

Det er ikkje berre i sjømannskyrkjene det kan vera vanskeleg å få tak i avisa. Fleire aviser er ikkje tilgjengeleg i laussal på nett i det heile. Buyandread si løysing for dette krev ingen investeringar for avisene, men Buyandread tek om lag halvparten av laussalsprisen. (Når det gjeld abonnement så kan det vera greitt å vurdera andre løysingar òg).

Til saka: Eg blir ofte tipsa om gode saker i mange lokalaviser, og det hadde vore veldig kjekt å få tak i fleire av lokalavisene i laussal på nett! Er det ei god historie eg vil lesa, betalar eg gjerne!