Korleis kan du skrive om døden?

Journalist Ørjan Brattetveit i Hordaland bestemte seg for å prøve. I mars i fjor stod reportasjen «Døden kvar dag» på trykk i laurdagsavisa. Saken fortel to historier: om presten Ivar Molde som har runda 1000 gravferder, og om ein familie som har gravlagt si nyfødte dotter Tomina.

– Korleis kom du på å lage denne saka?

– Frå tid til anna tenkjer eg på større saker eg har lyst til å skriva. Og eg kom til å nemna til ei eg kjenner at eg hadde lyst å skriva om døden. Ho tipsa meg då om presten Ivar Molde som hadde runda tusen gravferder. Då tenkte eg at han måtte eg intervjua, og bruka som utgangspunkt for noko meir. Eg hadde lyst til å koma inn på nokon av desse tusen gravferdene og folka rundt dei. Etter å ha diskutert med fotograf Vidar Herre kom vi fram til at vi skulle kontakta familien til Tomina, der Vidar hadde foto frå gravferda. Dei sa ja til at vi kunne skriva om dei. Det var nok tidvis tøft for dei, men dei har gjeve tilbakemelding om at dei lika framstillinga.

– Korleis var det å jobbe med saka?

– Det var veldig interessant, men også eit tøft tema for ein barnefar. Eg skreiv det meste av saka på kveldstid heime, og eg må vedgå at eg av og til berre måtte leggja heile saka vekk.

– Har Hordaland fått reaksjonar fra lesarane etter at saken stod på trykk?

– Vi har fått ein del reaksjonar, men berre positive. Folk melder om at dei har vorte rørte av å lesa saka, at den er godt skrive og har sterke foto. Dessutan er det mange som seier dei vart overraska over å lesa ei slik sak i lokalavisa.