Fekk journalistprisen for tung jobb

Det er femten år sidan fem ungdommar omkom då bilen dei sat i vart påkøyrd av eit godstog på Gol. Ulykka fekk mykje merksemd den gong. I fjor sette journalist Bernt Ivar Bergum i Hallingdølen ulukka på dagsorden igjen. Han ville finne ut korleis det hadde gått etter ulukka. Det vart ein tung jobb. Han jobba tidleg og seint i vel to månader for å få alle dei involverte i tale. Resultatet vart ein grundig og verdig reportasje om livet etterpå.

Store ulykker skaper mykje medieoppstuss. Så blir det gjerne stille. Men sorga lever vidare. Bernt Ivar Bergum bestemte seg for å finne ut korleis det hadde gått med pårørande, venner og andre femten år etter den store bilulykka på Gol 19. september 1998, der fem unge menneske omkom. Gjennom klokt arbeid med kjeldene har han greidd å lage ein unik reportasje om korleis sorga lever vidare. Han har makta det kunststykket å få alle pårørande i tale, i tillegg til venner og andre involverte. Til saman gir dette eit mektig inntrykk, trass den nøkterne tonen reportasjen er halden i. Juryen trur slike reportasjar kan føre til at folk blir meir opne om sorg og traumer.

Sjå heile reportasjen her.

Reidun Kjelling Nybø, Asgeir Olden og Solveig Steien var i juryen for journalistprisen 2013 som LLA delte ut på landsmøtet i Bergen i helga.