Monstermast-journalistikk i lokalavisa

Rikspressa skriv om “monstermastene” i Hardanger. Men kva skriv dei lokale avisene? Avisa Hordaland på Voss dekkjer både Ulvik og Granvin kommune.

På biletet står ordførar Jan Ivar Rødland og Bjørn-Inge Folkedal på dekk og peikar på toppen der kraftlina skal gå over Granvinsfjorden. Teksten “Arbeider-partiet søkk som ein stein på Vestlandet, og over halvparten i Noreg er imot monstermaster” vert lagt som eit luftspenn over skuta. Saka stod på trykk Hordaland laurdag 7. august i fjor. Sjå fleire saker om same tema, alle laga av Hordaland (fleire saker som PDF-vedlegg).