Vil ikkje verta del av storkommune

– Vert me del av ein storkommune vert me redusert til nokre kryp. Då vil me verta nokre små maur i ei stor tua. Me vil mista makta vår og ikkje lengre ha noko å seia, seier ein modøling til Hordaland.

Den vesle kraftkommunen Modalen er ikkje interessert i å vera med på ei kommunesamanslåing. I ein seks siders reportasje i Hordaland får lesarane vita korleis Modalen utvikla seg frå ein fattig, veglaus fråflyttingskommune til ein velståande kommune med nøgde innbyggjarar. Innbyggjarar får sjølv setja ord på kvifor dei trivst i Modalen og ikkje ønskjer seg noko større.

Alle dei 428 kommunane i landet er ulike. Kva gjer dykkar kommunar sereigne? Har dei høge eller låge inntekter? Gode eller dårlege kommunale tenester? Vil ei kommunesamanslåing gjera at dei kan gje innbyggjarane betre tilbod, eller risikerer dei å mista lokale tilbod som fungerer godt?

I KOSTRA-databasen kan de finna tala og samanlikna dei med andre kommunar sine tal. Men korleis det eigentleg er å vera innbyggar i kommunen og brukar av kommunale tenester, det kan innbyggjarane sjølv svara best på.